oktober 14th, 2009
Fått lappen!
Eg hadde oppkjøring på måndag, og nervøs som fy, klarte eg faktisk å bestå.
Så no kan eg endeleg køyra bilen min, (åleine)
.
For ein lettelese!
Eg hadde oppkjøring på måndag, og nervøs som fy, klarte eg faktisk å bestå.
Så no kan eg endeleg køyra bilen min, (åleine)
.
For ein lettelese!
Lenge sidan eg har skreve noko no, men det er fordi det ikkje har skjedd så veldig mykje.
Okey, eg har då blitt ferdig med skulen, og jobbar no som energi-montør lærling på Fusa Kraftlag, og så har det og skjedd mykje anna småtteri, som eg rett og slett ikkje har orka å skriva noko om.

Men no har det hent ein stor ting, eg har kjøpt meg bil.
Bilen det er snakk om er ein Volvo 850 frå 1992. Den har gått 223.000 km på dei 17 år den har levd. Eg henta den på Voss på laurdag. Det merkast litt at bilen er så gamal, mykje som er slitt osv., men motoren putrar og går heilt fint, treng litt ny olje, men det skal den få ganske snart.
Ellers er bilen litt av ein bensin-slukar. Motoren er ein rekke-5 på 2.5 liter med 20 ventilar som gir 170 hestekrefter, for dei som ikkje skjønnar dette: motoren er stor.
Ja detta blir dessverre dyrt i bensin.
Som sagt er bilen litt slitt, noko som jo ikkje er noko anna enn forventa i og med pris og alder, men eg har tenkt å prøve å fikse det meste. Har allereie fått alle lysa til å lyse.
Av andre små feil eg må fikse er det framre passasjervindauget som verken går opp eller ned, varme i passasjersettet framme, og ryggelysa sidan dei blinkar.
I tillegg skal eg hente skinnsetter til bilen i morgon, og då blir standarden på bilen innvending skrudd opp eit par hakk.
Har ellers tenkt å få bilen til å sjå litt betre ut med xenon-lys, nye felgar osv.
Men før det, så manglar eg framleis sertifikatet, så no må eg skjerpe sansane og bestå oppkjøringa.
Her er ei lenkje til annonsa for bilen på Finn.no, her finn du også fleire bilete.
Jaudå, steikje så fort tida går, no er eg plutselig blitt 18 år (2. juni) og myndig, og alt det der!
Jaudå, sette saman den nye pc-en min på fredag, og installerte Windows 7 og anna programvare på laurdag, og alt fungerte slik det skulle med ein gong.

Etter nokre dagar med den nye pc-en er eg veldig fornøgd, og Windows 7 er utrulig raskt og enkelt å bruke.
Eg klarte også å spela World in Conflict på full grafikk, eit spel eg så vidt klarte å spela på lavaste grafikk på den gamle PC’en min.
Alt i alt, eit godt kjøp!
Den gode gamle berbare Dell’en min har dessverre, etter fire lange år med hardkøyring, begynt å vise symptoma på at den nærmar seg vegs ende.

Den har vert forferdelig treig i det siste, og verken formatering, defragmentering og kven veit kva ellers har hjulpe.
Derfor bestemte eg meg i dag tidlig for at eg var lei, og ville ha ny.
No eit par timar seinare har eg lagt saman nokre komponentar frå Komplett.no, og rett og slett gjort eit impulskjøp.
Eg har til og med tenkt å byggja den sjølv.
Her er iallfall komponentane og spesifikasjonane for dei som er interessert:
Heila sulamitten hamna på den svært fine summen lydande NOK 3848,- + frakt, som er svært fint for ein kar med min økonomi.
Operativsystem følgjer ikkje med, for eg har tenkt å bruka Windows 7 RC 1.